Reglar

Begge rundar

  • Du har 100 minutt på deg frå du startar å løyse oppgåver
  • Ingen hjelpemiddel er tillatne, unnateke kladdepapir og skrivesaker. Det er også lov å bruke passar og linjal, men ikkje gradskive, kalkulator eller andre digitale eller analoge hjelpemiddel
  • Framandspråklege elevar kan ha med ordbok

Første runde

  • Dato for første runde går i starten av november kvart år
  • Det er 20 oppgåver i første runde
  • For kvar oppgåve er det fem moglege val, berre eitt av dei er rett
  • Du får fem poeng for kvart rett svar og null poeng for kvart feil svar
  • Du får eitt poeng for kvart blankt svar, enten du har kryssa av for «Blankt svar» eller ikkje – så du får 20 poeng av 100 moglege dersom du leverer ein heilt blank prøve

Andre runde

  • Andre runde er i starten av januar kvart år
  • Den beste tidelen frå runde 1 er kvalifisert for andre runde
  • Andre runde blir også arrangert ved skulane, etter tilsvarande opplegg som første runde
  • Det er ti oppgåver i andre runde
  • Svaret på kvar oppgåve er eit heiltal i området 0–999.